Gaular kommune


Areal Sysselsetjing Kultur Skular Bygstad Sande Viksdalen Hestad kapel Laksetrappa i Osen Langeland

Langeland Båt Døskeland Kapell Osfossen Viksdalen Sande Skilbrei Bygstad Trykk på eit symbol eller navn! Gaular den vidstrakte kommunen som ligg like nord for Sognefjorden strekkjer seg heilt frå Jostedalsbreen og dei storslåte Gaularfjellsvingane i øst, til Laukelandsfossen i vest Kommunen har 2950 inn byggjarar som dei fleste lever av inntektene dei får av å drive jordbruk. Kommunen har òg hytter pensjonat og hotell. Vi har Gaularvassdraget med sine mange fossar og med ei lengd på nesten 70 km. 12 km av elva er dessutan lakseførande.

Gaular grensar til nabokomunane Balestrand og Høyanger i Sogn, Fjaler, Askevol og Førde i Sunnfjord. Kommunen har ein fin og frodig Vestlandsnatur med rikt høve til fiske og friluftsliv. Fjella er varierte og byr på mange og rike naturopplvingar. Det er mange vakre fossar nedover langs Gaularvasdraget. Lengst vest i kommunen renn Laukelandsfossen i fjorden frå fjella på nordsida av Dalsfjoren.

Areal.

Totalarealet er på 579.00 da med ei fordeling på 38.000 da ferskvaten, 28.000 da jordbruksareal, 123.000 da skogbruksareal og 390.000 da myr, fjell og uproduktiv skog. Ca 44% av komunen sitt areal ligg over 600m, medan omlag 24 % ligg under 300m.

Sysselsetjing.

Størst prosent av dei yrkesaktive, 30%, arbeider innafor offentleg, sosial og privat tenesteyting. og svært mange innafor jordbruk og skogbruk. Varehandel, hotll og restaurantverksemd, langtransport, industri, bygg- og annlegsverksemd sysselset ei stor gruppe.

Kultur

Gaular har tradisjon innafor bøkring, tægflettin, treskjering og veving og har aktive kunsthandverkarar. Produkt kan kjøpast i kommunen. Komunen har mange frivillige lag og organisasjonar og eit rikt kulturliv.

Skular.

Det er 3 grunnskular i kommunen; Bygstad, Sande og Viksdalen med tilsaman rundt 400 elevar.



Bygstad

Inst i Dalsfjorden ligg jordbruksbygda BYGSTAD, med moderne meiridrift, sagbruk, foretningar, kyrkje skule og idrettsbane i Osen. Vestlandsmeiriet produserer ca. 3.000 tonn kvitost og brunost. Sunnfjord Sag er stor oppkjøpar av skurtømmer for foredling. Der Gaula renn ut i fjorden ligg storgarden Osen, kjend som hersesete (Atle Jarl) i vikingtida, og der sogespelet "Gaularspelet" bygd på historiske hendingar på 800-talet vert framført med med utsikt mot landemerket Kvamshesten. Ved Osfossen fin vi den elste laksetrappa i landet (1871). Gode kommunikasjoner, pensjonat /ungdomssenter. Bygstad sentrum ligg 10 min køyring frå flyplassen på Bringelandsåsen.

Sande

Kommunesenter med bygde- sjukeheim, kommunhus, skule, kyrkjeog andre sentrumsfunksjonar. Idretsbane , kro & hotell, kjeramikkverkstad. Fint friluftsområde på Øyrane ved Gaula. Årleg Gaularmarknad kvar haust viser både gamal og ny aktivitet i kmmunen. Sør for Sande ligg Årbergsdalen Alpinsenter.






Viksdalen

Bygdesnetrum med grunnskule, kyrkje og Viksdalen Bygdetun. Bygda har trdisjonar innafor Viksdalsmåling, tægfletting, treskjering m.m. Gaularfjellsvegen mot søraust går over fjellet til Sogn, i område med stølar i vakker natur og med spor etter driftevegar over til Sogn. I desse ogjevnadane fin vi også Hov hyttesenter.








Laksetrappa i Osen

Initiativtakar var William T. Potts frå Coreen Castele i Irland. Sportsfisket byrja ut i forrige århundre å bli populært. Potts bygde trappa i 1869 mot avtale med bøndene om at han skulle få fritt fiske i elva i 25 år. Det er den elste kulpetrappa vi har i Norge, truleg den tredje eldste i verda. Trappa har 17 kulpar/trinn og har ei høgd på rundt 11 meter. Pøasseringa av nedre del av laksetrappa er heilt avgjerande for kor god ho vert. Trappa her i Osen er svært god fordi laksen vert tvinga til å gå på trappe-oppgangen på grunn av straumane under fossen.




Langeland

På grensa til Førde ligg Langeland Ski- og fritidssenter og Kleiva Hoppanlegg. Langelandsområdet er eit svært mykje brukt turområde, sommar som vinter. Den Trondhjemske Postvei, som no vert restaurert, gjekk i si tid frå Bygstad til Førde.

Vest for Langeland ligg Bringelandsåsen med Førde Lufthamn og Airlift A/S sin helikopterbase.

Hestad Kapell.

Hestad Kapell ligg midt i Hestad landskapsvernområde. Opphavleg stavkyrkje frå rundt år 1200, nemd som "capella de Hestadum" og "Hestad Kyrkja". Denne eldste bygningen var berre utstyrt med kalk og disk, klokke og messeserk, både vindauge, stolar og altertavle mangla. Stavkyrkja gjennomgjekk etter kvart fleire utbetringar, men manglande bruk i hundreåra etter reformasjonen førte til tydlege forfall. I 1805 vart bygningen ombygd, dels på basis av opprinneleg konstruksjon og gamalt byggjemateriale. Såleis finn ein framleis utskorne drakehovud og rennesansedekor i kapellet.
Plankar, stokkar og bord er elles festa med trenaglar og vindaugsrutene har enno blyinfatning med det gamle grønlege glaset. På ei rute er det måla: "Vel agte man Joen Hæsta 1771" truleg ei gjæv gåve i ei tid då vindaugsglas var sjeldsynt på desse kantar. Kapellet har i dag eit ineriør halde i ein lys trekvit tone, berre alter, prikestol og døypefont er måla. Altertavla frå 1600-talet er omarbeid og fornya.

I spesielle høve vert det halde gudstjeneste her, ofte i samband med olsokfeiring, og midnats-gudstjeneste nyttårsafta. Ein gamal mur i naturstein går rundt kapellet på tre sider og avgrensar den elste kyrkjegarden på rundt 20 x 25 m. Her ligg fleire eldre graver.
Sjølv om kapellet er bygd med enkel konstruksjon, har det likevel ein stor kulturhistorisk og etisk verdi. Hestad gamle kapell er verna som fortidsminnesmerke og er eigd av Foreningen til Norske Fortidsminnesmerkes bevaring.

Last modified: 13.06.2000 11:59:43